Vin&Viten: Rávdnjemuotki (Finnheia), tvangsforflytting og samiske kulturminne

Den rike samiske historia til Tromsø kommune med sjøsamiske bygder og reindrift er ukjend for mange. Ein del av denne historia omhandlar såre forteljingar om landskap som menneske vart tvangsflytta frå. Fram til 1920, før tvangsforflyttinga sette sine spor, var Rávdnjemuotki (Finnheia) heim og gjennomflyttingsområde for reindriftssamar med vinterbeite på det som i dag er svensk og finsk side av grensa. Norges arktiske universitetsmuseum ynskjer å løfta fram forteljingar om dei samiske kulturminna i Rávdnjemuotki, og å formidla kunnskap om nokre av tvangsforflyttinga sine konsekvensar.